Kim har så veldig vondt i tanna si. Pappa har mange forslag til korleis dei kan få ut tanna. Men Kim synest alle forslaga er dumme! Kva skal han gjere?
Leseunivers Blå, nivå 8
Desse bøkene er for barn som har komme i gang med lesinga. Bøkene er engasjerande, spennande og har mange gøyale illustrasjonar. Tekstane inneheld for det meste lydrette og lydnære ord, men med aukande innslag av ikkje-lydrette ord, lengre ord, dobbeltkonsonantar, diftongar og konsonantsamansetningar. Leseunivers Blå har illustrasjonar på mange sider.