Distriktspolitikkens historie i Norge

Håvard Teigen, 2019, Innbundet, Nynorsk
Boka anbefales for alle, men kanskje spesielt for strategene i de rødgrønne partiene, som, viss de vinner valget i 2021, har fått velgernes votum til å sette ut i livet en langt mer offensiv region- og distriktspolitikk.
Bjørgulv Braanen, Klassekampen

Omtale

Distriktspolitikkens historie i Norge beskriver utviklinga av norsk distriktspolitikk i tida etter andre verdskrigen. Den starter med gjenreisinga av Nord-Norge og viser korleis denne politikken etter kvart kom til å omfatte utkantområde i Sør-Norge med tilsvarande utviklingsproblem.

Boka diskuterer korleis nettopp distriktspolitikken har vore viktig ved store vendepunkt, til dømes:

  • Satsing på vekstsenter: Dette var eit stort stridsemne da Gerhardsen-epoken vart avløyst av Borten-regjeringa i 1965.
  • EF-røystinga i 1972: Denne løyste ut eit distriktsopprør så sterkt at distriktspolitikken fekk ein dominerande plass i den første og viktigaste stortingsmeldinga om oljepolitikken i 1974.
  • Den nye folkerøystinga i 1994 og dei siste vala, då distriktspolitikken har kome sterkt tilbake på dagsorden.