Journalistikkens samfunnsoppdrag

Johann Roppen og Sigurd Allern (red.), 2010, Heftet, Bokmål, Nynorsk

Omtale

Begrepet samfunnsoppdrag har vorte eit moteord i den journalistiske kvardagen og mediedebatten, men kva som ligg i begrepet, er langt frå eintydig. Journalistar og mediefolk brukar begrepet samfunnsoppdrag i svært vid tyding for å forklare og legitimere journalistisk verksemd. Og samfunnsoppdrag som begrep vert også nytta på ei rekkje andre område enn journalistikk.

I denne boka blir begrepet journalistikkens samfunnsoppdrag underkasta kritikk og analyse ut frå ei rekkje ulike perspektiv: den filosofiske grunngjevinga for samfunnsoppdraget, samfunnsoppdraget i lys av presseetikkens teori og praksis, allmennkringkastingas praksis i ein ny fleirkulturell og fleirmedial kvardag, Google som den etter kvart viktigaste reiskapen i journalistanes verktøykasse og framtidas interaktive fjernsynsreportasje som no byrjar å vise seg.

Forfattarane av artiklane i denne boka arbeider til dagleg med slike spørsmål blant anna i samband med fleire doktorgradsprosjekt frå dei siste åra. Dei har vore samla i forskingsprosjektet «Journalistikk i endring», som har sitt utspring i journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda. Redaktørar for boka har vore Johann Roppen og Sigurd Allern.